Bilete: Ingvild Ystanes

Lyssetting på smelteverket

Denne veka kom det opp stemningslys på deler av smelteverkstomta. Mastene til taubanen og Jernrosa-skulpturen er lyssett med farge, og delar av Skalltaket mot Røldalsvegen er fasadebelyst med kvitt lys.

Litteratursymposiet står bak prosjektet

Det er Litteratursymposiet i Odda som står bak prosjektet. Dei siste tre åra har element på smelteverkstomta blitt midlertidig lyssett som del av festivalen ei lita veke i oktober. Dette har vore eit innslag i byen som har fått gode tilbakemeldingar, og det er ein ambisjon å få på plass meir permanente løysingar. Lyssetting av fasadar er imidlertid ein kostbar affære, og vi har no landa på ei semi-mellombels løysing, av meir permanent karakter enn berre under Litteratursymposiet.

 

Lys som element i byutviklinga

Kommunen har lenge jobba for å bruke lys aktivt som element i byutviklinga. På oppdrag frå Odda kommune utarbeidde lyskonsulent Zenisk AS “Lysplan for Smelteverkstomta”. Planen fekk diplom i open klasse i Norsk Lyspris 2016.

Sjå «Lysplan for Smelteverkstomta» utarbeida av Zenisk AS

Lyskonseptet tek utgangspunkt i ein analyse av staden sin identitet, historie og framtidsplanar. Lyssettinga av smelteverkstomta skal utviklast ut frå historiske element og fremtidsvisjonar, og lys skal gje ein spesifikk kvalitet til dei ulike elementa og området. Smelteverkstomta skal ikkje lenger vere eit mørkt hol i byen, men skal gjerast tilgjengelig for ferdsle, aktivitet og rekreasjon om kvelden. Belysning skal bidra til å forsterka Smelteverket som kulturminne for industrikultur med potensiale for utvikling og vekst, og vere ein aktiv del av stadsutviklinga.

 

Velvillige samarbeidspartar

Lampene er kjøpt inn av symposiet og kostnadane er dekka med løyvingar frå eksterne samarbeidspartar, og overskot etter haustens festival. Huseigarane SNU og Høyer/ Hovedlageret AS samt Odda energi og B. Mikkelsen AS har vore velvillige samarbeidspartar i prosjektet. Lysmann Simon Alvsvåg har utførd lyssettinga.

Mastene og skulpturen har fått farga lys slik at dei framstår skulpturelle, medan Skalltaket har ein meir diskret farge. Her vert lyset brukt til å framheve strukturane og gje lys og stemning til området, utan å få for mykje “tivolieffekt” i kvardagen. Planen er at lysa skal vere som dette utover vinteren. Det er ein enkel sak å endre fargeskalaen dersom ein ved særlege hendingar e.l. ynskjer å “dra på litt meir”.

 

Håpet er med dette at smelteverkstomta no vert opplevd som ein tryggare og hyggelegare stad å opphalde seg og gå tur etter mørkets frambrot.

 

Lyssetting smelteverkstomta om kvelden. Jernfosa badar i blått og lilla lys. BileteBilete: Ingvild Ystanes
Bilete av smelteverkstomta. Mast badar i raudt lys kveldstid, mellom teglsteinsbygningane. Bilete.Bilete: Ingvild Ystanes