Oppvekstplan-13

Lyse kraft DA – invitasjon til nabomøte/open dag i Røldal og på Nesflaten

Lyse Kraft har den siste tida jobba mykje med miljøutgreiingar, vilkårsrevisjon og planar for oppgraderingar og modernisering av RSK anlegga. Planane byrjar no å bli klare og dei legg opp til å senda konsesjonssøknad og revisjonsdokument til NVE i slutten av desember.

Fleire løysingar er greidde ut og omfattande feltarbeid er utført for å ha eit best mogleg kunnskapsgrunnlag. Dette ønskjer dei å informera om lokalt, og inviterer herved til nabomøte/open dag der dei presenterer planane for oppgradering av RSK anlegga.

Dei gjer merksam på at desse møta ikkje er ein del av behandlinga til styresmaktene av saka. Etter at konsesjonssøknaden er send vil NVE m.a. ha eigen offentleg høyring, folkemøte og synfaring.

Møte:

  • I Røldal tysdag 12. desember frå kl. 12- 19 på Grendehuset
  • På Nesflaten onsdag 13. desember frå kl. 12- 19 på Samfunnshuset i Nesflaten

I begge møta vil same presentasjon bli vist tre gonger, høvesvis kl. 12:30, kl. 15:00 og kl. 17:00 og med etterfølgjande høve til å stilla spørsmål og gi innspel.

Det vil bli enkel servering av mat og drikka.

Ved eventuelle spørsmål til den praktiske gjennomføringa av møta kan de kontakta:

  • Agnes Oppistov Lykkebø på tlf. 9075 1540
  • Trond Erik Børresen på tlf. 9348 8740