Listeforslag til kommunestyrevalet 2023 i Ullensvang kommune

Parti og andre grupper kan stille liste til kommunestyrevalet i 2023.

Frist for innlevering av listeforslag er fredag 31. mars 2023 klokka 12:00.

Listeforslag skal reknast som innlevert når det er kome inn til kommunen. Posten må vere komen fram, eller forslaget må vere levert direkte, innan fristen kl. 12:00 den 31. mars.

Fristen er absolutt og listeforslag mottekne etter frist vil verta avvist.

Ullensvang kommune oppmodar alle som stiller listeforslag om å nytta elektronisk løysing.

 

Elektronisk listeforslag:

Valgdirektoratet har utvikla ei elektronisk løysing for listeforslag som kan nyttast til å oppretta listeforslag, samla inn underskrifter og levera listeforslag ved kommunestyrevalet.

Den elektroniske løysinga er laga for å gjera prosessen enklare, men følgjer same regelverk og fungerer på tilsvarande måte som papirløysinga.

For registrering av elektronisk listeforslag kan ein nytte denne lenka; Listeforslag (valg.no)

Rettleiing for utarbeiding og innlevering av elektronisk listeforslag på, finn de her; Opprette elektronisk listeforslag – Valgdirektoratet

Det er valfritt om ein ynskjer å nytte seg av den elektroniske løysinga, eller om ein heller vil levera listeforslaget på papir.

 

Papirbasert listeforslag:

Ynskjer ein å utarbeide listeforslag på papir, vil vi at de nyttar Valgdirektoratet sine malar; Listeforslag på papir – Valgdirektoratet

Registrerte parti kan nytta mal «Listeforslag forenkla regelverk»

Listeforslag kan leverast, elektronisk, pr. post eller fysisk til postmottak@ullensvang.kommune eller
Ullensvang kommune
v/valadminstrasjonen
Opheimsgt. 31
5750 Odda

Dersom det er ynskjeleg med rettleiing i arbeidet med listeforslag, må de gjerne sende ein førespurnad via e-post til postmottak@ullensvang.kommune.no

 

Listeforslag må innehalde;

  1. Listeforslaget må ha ei overskrift som viser kva parti/gruppe forslaget går ut frå.
    Namnet må ikkje vere mogleg å forveksla med andre, og registrerte parti skal nytta partiet sitt registrerte namn i listeoversikta (ikkje lokalavdelinga sitt namn).
  2. Kva val og valdistrikt lista gjeld for; Kommunestyrevalet i Ullensvang kommune 2023
  3. Namn på kandidatane som stiller til val; minimum 7 kandidatar – maksimum 39 kandidatar (33 kommunestyremedlemer + inntil 6 stk. i tillegg)
  4. Underskrifter frå ansvarlege for lista
  5. Namn på tillitsvalde og tillitsutval for lista
  6. Vedlegg med oversikt over kandidatnamn, fødselsdato, bustadadresse og e-postadresse.