Raude epler på frukttre.  Foto: Skarv Studio

Levering av landbruksplast

Det vert høve til å levere landbruksplast til miljøstasjonane i opningstida i veke 22, 23 og 24.

Opningstidene til miljøstasjonane våre

Landbruksplast til gjenvinning kan leverast gratis. Andre typar landbruksplast enn dei oppgitt under, eller plast som er for skitten til gjenvinning, vert fakturert etter prisen for restavfall.

Det er berre rundballefolie og PP-sekk (gjødsel og sekk til kraftfôr) som skal leverast til miljøstasjonane. Rundballefolien skal vera fri for inner-nett og anna type plast, og dessutan ristast fri for restar av fôr. PP-sekkane skal vera tomme og stappa i kvarandre.

Dersom du lagar eit sorteringssystem som fungerar godt, vert sorteringa enklare og kvaliteten på plasten betre.