Bilete frå Buer. Foto: Skarv Studio

Land- og havbruk: Tilskotsordningar og fristar

Du er velkomen til å ta kontakt med oss på landbrukskontoret om du har spørsmål eller treng hjelp med søknadsprosessen – kontaktinformasjon finn du her.

Søknad om produksjonstilskot del 1

Søknadsfrist 15. mars 2021

I denne søknadsomgangen er det berre dei som har husdyr som skal levera søknad. Dei som kun har planteproduksjon skal ikkje søkja før 15. oktober. Du må ha levert søknaden innan 15. mars, og du kan gå inn att i søknaden og gjere rettingar fram til 29. mars. For meir informasjon om ordninga, sjå Landbruksdirektoratet sine nettsider. Link til søknadsskjema finn du her.

 

Søknad om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL )

Søknadsfrist 15. april 2021

  • Ullensvang kommune har i 2021 fått ei rammeløyving på 450 000,- kr til SMIL-ordninga.

Skal du kunna få tilskot etter SMIL-ordninga, må du oppfylla visse vilkår. Du kan sjå forskrifta og lesa regelverket mm. her . Det er òg laga lokal Kommunal tiltaksstrategi for SMIL-ordninga. Tilskot frå SMIL-ordninga kan gå til m.a. restaurering av verneverdige bygningar, tidlegare kulturmark, ureiningstiltak (t.d. tak over gjødselslager), tiltak som støttar ville pollinerande insekt og truga natur. Ta kontakt med landbrukskontoret for meir informasjon om ordninga.

Søknad om SMIL-tilskot skal helst skje elektronisk. Link til søknadsskjema finn du her.

 

Tilskot frå viltfondet

Søknadsfrist 1. mai 2021

Det kan no søkjast om tilskot frå Ullensvang viltfond til viltrelatert arbeid i kommunen. Det er ikkje vedtekne nye retningslinjer for viltfondet. Dei gamle retningslinjene for Ullensvang, Odda og Jondal gjeld difor framleis. Ta kontakt med landbrukskontoret for meir informasjon om ordninga.

Søknad kan sendast på e-post merka med “Viltfond” eller via post til:

Ullensvang kommune

Opheimsgata 31

5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

53 65 40 00

ullensvang.kommune.no

 

Tilskot til drenering

Søknadsfrist 1. juni 2021

  • Ullensvang herad har i 2021 fått ei rammeløyving på 100 000 kr til ordninga drenering av jordbruksjord .

Kommunane har ansvaret for å forvalta tilskotsordninga etter «Forskrift om tilskudd til drenering av jordbruksjord». Også her bør du helst søkja elektronisk, enten ved å logga deg inn i Altinn eller fylgja linken her. Sjølv om det er sett ein søknadsfrist vil søknadane verta handsama etter kvart som dei kjem inn fram til denne datoen.
Ta kontakt med landbrukskontoret for meir informasjon om ordninga.

Meir informasjon kan du finna på Landbruksdirektoratet sine nettsider.