Kurs i fornybar energi for gardbrukarar i Vestland

Velkomen på 2 dagars kurs i fornybar energi for gardbrukarar i Vestland. NORGES VEL står for regien med støtte frå Statsforvaltaren i Vestland.

Vurderer du å investera i eit anlegg for fornybar energi på garden din? Lurer du på kva teknologi som kan vera riktig på garden din? Meld deg på digitalt kurs om fornybar energi i landbruket! Her får du m.a. høyra om dei ulike teknologiane, korleis kartlegga energibehov og energiressursar på garden, og kva som er dei viktigaste rammevilkåra.

Kurs går over to kurskveldar.

 

Tidspunkt:

  • Kurskveld 1: 7. desember kl. 19:00 – 21:30
  • Kurskvelsd 2: 9. desember kl. 19:00 – 21:30

Påmeldingsfrist: 6. desember kl. 08:00

 

Meir informasjon om kurs finn du på nettsida til Statsforvaltaren i Vestland.