Brojyre - Demenskoordinator

Kurs for pårørande til personar med demens

Pårørandeskule er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær ven med demenssjukdom.

Gjennom faglege forelesarar, plenums- og gruppesamtalar, får du kunnskap om demens. Kva følgjer kan sjukdommen ha for personen som vert råka, deg som pårørande og dine omgjevnader?

 

Praktisk informasjon

  • Dato for kurs:
    • 21. september
    • 27. september
    • 4. oktober
    • 11. oktober
    • 18. oktobeer
  • Tid: kl. 18.00 – 21.00
  • Stad: Bokko kafe
  • Kursavgift: Gratis
  • Mat/drikke: Enkel bevertning
  • Påmelding: Send namn og mobil nummer på deltakar per er e-post til – sjå kontaktinfo nedst på sida

Digital brosjyre finn du her.

  • Gje pårørande auka kunnskap om demenssjukdommar.
  • Auka forståing for kommunisering og samhandling.
  • Betra kvaliteten på samværet med personen med demens.
  • Hjelpa pårørande å få betre kjennskap til rettar og aktuelle lover. Korleis få kontakt med hjelpeapparatet? Kven kan hjelpe?
  • Tilby støtte gjennom å møta andre pårørande i same situasjon.

Kurset er over 5 samlingar med følgjande tema:

 

21.09.22

  • Tema: Sjukdomslære; Demens, diagnostisering og behandling
  • Forelesar: Lege Shmaila Javaid

27.09.22

  • Tema: Krise/sorg: Når livet ikkje vert slik me hadde tenkt.
  • Forelesar: Sokneprest Leni Mæland

04.10.22

  • Tema: Pårørande si historie og erfaringar.
  • Forelesarar: Elin Rullestad Fossåen og Øystein Kambestad

11.10.22

  • Tema: Kommunikasjon-korleis kommunisera med personar med demens?
  • Forelesarar: Sjukepleiar Ingunn Instanes og fagleiar/sjukepleiar Charlotte Torsvik
  • Tema: Framtidsfullmakt og verje, når er det aktuelt?
  • Forelesar: Advokat Åse Berit Børve

18.10.22

  • Tema: Fysisk aktivitet, hjelpemiddel og velferdsteknologi.
  • Forelesarar: Ergoterapeut Silje Diantha Håland og fysioterapeut Randi Rønhovde Opheim

 

NB: Det kan bli endring i program dersom uforutsette ting oppstår.

Påmelding til:

Hannelore Schweitzer

Demenskoordinator

Besøksadresse: Bygdabøen 2

5750 Odda

hannelore.schweitzer@ullensvang.kommune.no

903 61 745

 

Eller påmelding til:

Ullensvang Demensforeining v/Liv With
Tlf: 952 46 071
E-post: liv.with@gmail.com

Ullensvang Demensforeining v/Dagfrid Nilsen,
Tlf: 481 12 520
E-post: dagfridnilsen@hotmail.com

 

 


Pårørandeskule – demens by Sigrid Dagestad