Hovland 2018 - Foto_ Sigrid Dagestad

Frist for innspel til kommuneplanen sin arealdel

Då har vi gjennomført folkemøter i heile kommunen, med godt oppmøte og engasjement alle stader. Vi har fått ei røys med gode innspel, kloke spørsmål og innsiktsfulle merknadar.

På møtene sa vi at innspelsfristen vart foreslått 15.november. Denne fristen har no blitt utvida til 15. desember, slik at innbyggjarane skal få betre tid til å tenka seg om og laga gode innspel.

Dei neste møta i Styringsgruppa for kommuneplanen sin arealdel skal ta føre seg prinsipp for LNF-Spreidd, næringsføremål og hytteføremål. Etter det byrjar jobben med å sortere i innspela som har kome inn. Då tar vi med oss alt som har kome inn til kommuneplanen sin samfunnsdel, strategisk næringsplan og folkemøter pluss alle innspela som har kome via postmottak.

Alle innbyggjarar kan sende innspel til kommunen innan 15.desember.

 

Innspel skal sendast til:

Ullensvang kommune

Opheimsgata 31

5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

53 65 40 00

https://ullensvang.kommune.no