Korona

Korona – Pressemelding 14.01.22

Totalt 19 nye smitta per i dag. Så det er fortsatt ein sterk stigande smittetrend. Men det er god oversikt på smitteveg.

Smittetilfella er mykje knytt til Opedal skule og Hardanger folkehøgskule – Omikron.

Grønt nivå for barnehage og skule

Ullensvang kommune går til grønt nivå for barnehage og skule frå og med måndag 17. januar, dette gjeld og vidaregåande skule og Vaksenopplæringa:

Vi har gått inn ein ny fase i pandemien og pandemi-håndteringa, der ein nasjonalt meiner ein må akseptera – og kan tåla – høgare smittetal. Ein kan ikkje “stansa” pandemien, og målet er heller ikkje lenger å slå den maksimalt ned. Det er ved for stor belastning på helsetenestene, eller andre kritiske samfunnsfunksjonar, det er aktuelt for kommunane å innføra strengare tiltak enn dei som råder nasjonalt. Omikron er no i ferd med å bli dominerande og i Ullensvang kommune, den medfører høgare smittefare, men lågare alvorlegheitsgrad for dei som vert smitta.

Ullensvang kommune har pr i dag ikkje ein utbrots-situasjon som gjer at vi skal ha strengare reglar enn dei nasjonale, og kommunen går difor til grønt nivå for barnehage og skule frå og med måndag. Kommunen følgjer situasjonen nøye, og vil gjera endringar om naudsynt.

Lettelsar i nasjonale tiltak vil medføra ein auka risiko for smitte og sjukdom hos uvaksinerte personar. Kommunen gjentek oppfordringa om at uvaksinerte melder seg til vaksinering.

 

Frå regjeringa si pressekonferanse torsdag 13. januar

“– Vi er nå i en ny fase av pandemien. Vi vet at omikron gir mindre alvorlig sykdom og at sannsynligheten for å bli innlagt på sykehus er redusert. De siste fire ukene har over én million nordmenn tatt vaksine og tilgangen på hurtigtester er økt. Vaksinene beskytter veldig godt mot alvorlig sykdom, sier statsministeren.”

Det er naturleg å legga til grunn grønt nivå, men vera budd på at smittesituasjonen kan medføra at ein må endra tiltaksnivå raskt. Grunnlaget for å ha høgare alvorgrad, vil vera av omsyn til kapasiteten i helsetenestene.

Krav om munnbind vidareført:
“For øvrig videreføres påbud om bruk av munnbind når det ikke er mulig å holde minst én meters avstand i butikker, kjøpesentre, serveringssteder, kollektivtransport, taxi og innendørs stasjonsområder.”

 

Vaksinasjon

Vi vaksinerer med 3. dose til alle som har 4,5 mnd siden 2. dose. Det er godt oppmøte. Vi har også hatt mange innbyggjarar som har kome for fyrste dose, det er gledeleg.

No organiserer vi for at innbyggjarar med behov for 4. dose skal få tilbod om det.

 

Hurtigtestar

Vi deler ut hurtigtester til innbyggjarar med symptom. Indikasjon og utleveringsstader/tidspunkt står på nettsida til kommunen. Skular/barnehagar/helseinstitusjonar etc. som har behov for fleire testar får det utlevert etter gjeldande intern rutine.

 

Roald Aga Haug
ordførar