Kommuneplan sin samfunnsdel vedteke

Kommuneplanen sin samfunnsdel vart i kommunestyret 16.02.21 vedteke med to røyster mot.

I samsvar med PBL §1 1 – 1 5 vedtek Ullensvang kommunestyre kommuneplanen sin samfunnsdel med fylgjande tillegg/endringar. Nokre av desse endringane har blitt bearbeida for å passa betre inn i strukturen til planen.

 

Endringar og tillegg i «Kommuneplan, Samfunnsdel 2020- 2032»

  • 1. Nytt avsnitt under innleiing (side 4)
    Kommuneplanen føreset at menneske kan bu og arbeida i heile Ullensvang kommune.
    At planen difor som overordna plandokument helsar utvikling av landbruk, industri, reiseliv og servicenæringar velkomen. Vi skal bærekraftig foredla ressursane våre slik at det vert lagt til rette for attraksjonar som påverkar folketalet positivt.
  • I kapittel «Kva er kommuneplanen sin samfunnsdel» (side 7)
    Under «Ord og omgrep»
    Ny senterinndeling basert på følgjande:
    Regionssenter Odda, kommunedelssenter Kinsarvik og Jondal, lokalsenter Utne og Røldal.
    Dei andre bygdene i kommunen vert definerte som nærsenter. Teksten i samfunnsdelen må tilpassast til samsvar med denne senterinndelinga.
  • I kapittel «Problemstillingar» (side 36)
    Under «Omdøme»: Endre siste avsnitt: «Ullensvang kommune har mange stader med særeigne kvalitetar. Desse kan dyrkast vidare for å gjera kommunen endå meir attraktiv for innbyggjarar, tilflyttarar og gjester.»

 

Endringar og tillegg under kommuneplanen sin del «Mål og strategiar»

  • I kapittel «I Ullensvang 2020- 2024»
    Pkt 1a i tilrådinga frå utval for samfunn, plan og næring utgår.
  • I kapittel «I Ullensvang 2020 – 2024» (side 11)
    Under pkt 2 «er kommunen ein aktiv tilretteleggjar og pådrivar»
    Nytt pkt: Ullensvang kommune skal arbeide for god samfunnstryggleik og beredskap i heile kommunen
  • I kapittel «I Ullensvang 2020 – 2024» (side 12)
    Under pkt 2 «er kommunen ein aktiv tilretteleggjar og pådrivar»
    Nytt pkt: Ullensvang kommune skal leggje til rette for mottak og integrering av flyktningar og arbeidsinnvandrarar
  • I kapittel «I Ullensvang 2020 – 2024» (side 12 Trygging av rettar i fjell og ved sjø)
    Under pkt 2 «er kommunen ein aktiv tilretteleggjar og pådrivar»
    Nytt pkt: Hytter på privat grunn
    Bruk av fjord og fjell har alltid vore viktig for innbyggjarane. I takt med samfunnsutviklinga må bruken vidareutviklast gjennom god tilgang til fjell- og fjordområda og ved etablering av fellestiltak i strandsona. I samsvar med gjeldande regelverk kan grunneigar med eigedomsrett i fjellet søkja om å få byggja hytte for å forvalta rettar som t.d. beite, jakt og fiskerettar. Likeeins kan grunneigar medstrandlinje søkja om få byggja naust/ båthus ved fjorden.
  • I kapittel «I Ullensvang 2020 – 2024» (side 15)
    Under pkt 3 «er friluftsliv, mat og kultur verdskjent»
    Nytt punkt inn under pkt e) kultur og idrett: Er fritids- og aktivitetstilbodet til ungdom variert og attraktivt.
  • I kapittel «I Ullensvang 2020 – 2024» (side 15)
    Under pkt 3 «er friluftsliv, mat og kultur verdskjent»: Endre setning under pkt f «Oppretthalde satsinga på Odda som litterær by»
    Punkt f.iii Ta bort økonomi i setninga » Ha vilje og økonomi til å prioritere samarbeidsprosjekt.»
  • I kapittel «I Ullensvang 2020- 2024» (side 26)
    Under pkt 6 «er turismen positiv»
    Nytt pkt:
    Den fjordrelaterte turismen må utnyttast gjennom tilrettelegging og sal av opplevingar knytt til fjorden. Grunneigarar kan, innanfor gjeldande lovverk, søkja om ny utbygging i strandsona som grunnlag for tilleggsnæring eller som del av reiselivssatsing.
  • I kapittel «I Ullensvang 2020- 2024» (side 31)
    Under pkt 8 «har me akseptabel infrastruktur»
    Nytt pkt:
    Det skal utarbeidast ein Ullensvangpakke på samferdsel.