4 sparegriser på vippehuske

Kommunal kompensasjonsordning for lokale verksemder

Kommunane har fått tilført nye midlar frå KMD til den kommunale kompensasjonsordninga, og Ullensvang kommune har kr. 1 105 000 til fordeling.

  • Søknaden skal leverast elektronisk på regionalforvaltning.no (opner 11. januar 2022)
  • Søknadsfrist er 23. januar 2022.

 

Kven kan søkja?

Formålet med kompensasjonsordninga er å avhjelpa situasjonen i lokalt næringsliv som igjen er ramma av nye smittevernrestriksjonar.

  • Lokale verksemder som er særleg hardt ramma av smitteverntiltak eller nedstenging med auka kostnader eller tap av omsetning
  • Verksemdene må vera registrerte i føretaksregisteret og ha eit kommersielt formål
  • Verksemd må ha adresse i Ullensvang kommune eller dokumentera verksemd i Ullensvang med eit særrekneskap attestert av revisor eller rekneskapsførar
  • Verksemder som var i vanskeligheter per 31. desember 2019, ref gruppeunntaksforordningen artikkel 2, paragraf 18, kan ikkje tildelast støtte.

 

Følgende prioritering vil bli vektlagt:

  • Verksemder innan bransjane servering, overnatting, arrangement og reiseliv
  • Særlig hardt ramma av lokale eller nasjonale smittevernstiltak
  • Verksemder som ikkje har motteke kompensasjon tidlegare eller berre mindre tilskotsbeløp
  • Verksemder med tilsette

Søknad vert vurdert basert på dokumentasjon knytt til omsetningsfall, ekstra kostnader, tap, tilpassing, dekning av andre kompensasjonsordningar, risiko for tap av arbeidskraft og kompetanse.

 

Det er viktig at alle naudsynte opplysningar vert ført inn i den digitale søknaden. Søkjarar kontaktar Næringshagen i Ullensvang for retteliing.

 

Næringshagen i Ullensvang

Smelteverket 57

5750 Odda

post@nhodda.no

53 65 07 00

www.nhodda.no/