Søtefossen Kinsarvik

Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområde

Utval for samfunn, plan og næring gjorde vedtak 24.08.2021 om å legga kartlegging og verdsetting av friluftslivsområde i Ullensvang kommune ut på høyring i fire veker. Frist for å senda innspel vart sett til 07.1021.

Prosjektet kartlegging og verdsetting av friluftslivsområde dannar eit grunnlag for å sikra areal ved utbygging av fritidsbustadar og bustadar. Kartlegginga er eit verkemiddel for å identifisera, ta vare på og utvikla stiar, turvegar, løyper og leier som er viktige for vår utøving av friluftsliv, ved å ta vare på og utvikla moglegheitene for å utøva friluftsliv i nærmiljøet, slik at alle har moglegheit til å vera fysisk aktive og oppleva naturen i kvardagen. Grønnstrukturen og nærturområda rundt tettstadane er viktige område for friluftslivet, og er mest brukt. I tillegg er skog- og fjellområda viktige friluftslivsområde både sommar og vinter. Mange stiar, skiløyper og turområde er allereie kjend i dag, men ikkje alle er lagt inn i kartet digitalt.