Bål i naturen om kvelden. Foto.

Jonsokbål i Ullensvang kommune

Det er lov å tenna opp jonsokbål så lenge det er i god avstand til bygningar, skogområde, vegetasjon og anna brennbart materiale. Brannvesenet viser likevel til forskrift om brannforebygging § 3 og krav til aktsemd som gjeld alle til ein kvar tid, og ved brenning av jonsokbål.

 

Jonsokbål i kommunen skal meldast til Ullensvang brann og redning:

Kontakter

Brannvesenet - ved brann ring 110

brannvesen@ullensvang.kommune.no

97 55 86 13

Følg brannvesenet sine råd for forsvarleg bålbrenning:

  • De skal ha løyve frå grunneigar.
  • I tørkeperiodar og ved sterk vind kan eit generelt forbod verta innført. Den ansvarlege for bålet plikter å undersøke dette før opptenning med brannvesenet.
  • Ikkje gjer opp eld på svaberg/bart fjell då dette gir varige skader på berget. 
  • Bålet skal byggjast av reine treprodukter. Impregnerte materiale avgir giftige gassar ved brann. Det same gjeld skumgummimadrasser, gamle sofaer, bildekk osv.
  • Bålet bør ikkje byggjast for stort. Kast heller på meir ved etter kvart. 
  • Ikkje bruk bensin eller liknande til opptenning. 
  • Er bålet høgt, bør påtenning skje på midten. Då unngår du for store flammer og sterk varmeutvikling. 
  • Ansvarleg person skal sørge for at bålet er under kontroll. 
  • Sørg for at barn held god avstand til bålet. Klede av kunststoffer er lett antennelige og kan smelte under sterk varme, naturstoffer som bomull og ull er meir trygt. 
  • Ta omsyn til naboar. Røyken er irriterande på auger og luftvegar. 
  • Ansvarleg voksenperson skal sørge for at bålet vert sløkt forsvarleg med tilstrekkeleg mengder vatn. Er det ikkje vatn på staden må ein ta dette med seg.