Nøkkelring forma som hus festa i nøkkel

Invitasjon til utbyggarar – møte om utvikling av bustadtomter

Ullensvang kommune ser at det er stort behov for tilrettelegging av bustadtomter i tida framover.

  • Dag: Måndag 18. oktober
  • Tid: Kl. 09:30 – 11:30
  • Stad: Kommunestyresalen i Odda

 

Kommunen sjølv er ein vikitg part i dette, då ein sit med arealer og planar som påverkar marknaden. Samstundes har kommunen ingen vedteken og langsiktig strategi for utvikling av bustadtomter.

Rådmannen ser føre seg å leggje fram sak på temaet innan årsskiftet. I den forbindelse er det svært ynskjeleg å få innspel og vurderingar frå private utbyggar i forkant. Dette møtet skal vere ein arena for slike innspel og diskusjonar.

Me vonar så mange utbyggarar som mogleg har anledning til å delta på møtet.

 

Agenda

  • Gjennomgang regulerte bustadområder på kommunal grunn
  • Gjennomgang alternative strategiar
  • Innspel frå private aktørar
  • Diskusjon
  • Oppsummering – vegen vidare