Bord dekka til fest. Foto: Skarv Studio.

Invitasjon til sidernæringa

Invitasjon til sidernæringa – møte om LNF-Spredt næring i kommuneplanen si arealdel.

Sidernæringa har vokse mykje sidan førre kommuneplan vart laga, og har i dag heilt andre behov. Det er ønskjeleg at siderproduksjonen i så stor grad som mogleg skal skje på gardane, og då treng vi dei planmessige redskapa for å få dette til. Andre som vil etablera attåtnæringar på sine gardar er og inviterte til møtet.

 

Dato: 26.10.21
Klokkeslett: 10:30 – 11:30
Stad: Kommunestyresalen

 

LNF-Spredt næring vil vere eit god reiskap for å leggje til rette for at sidernæringa kan ekspandere og framleis ta vare på den lokale forankringa. Kommunen vil informera kort om kva LNF-Spredt næring er, kva eit slikt føremål betyr for grunneigar, kva det heimlar. Så vil vi ta imot innspel på kvar det er ønskeleg å leggja til rette for LNF-Spredt næring.