Raude epler på frukttre.  Foto: Skarv Studio

Informasjon om tilskot – SMIL, viltfond og drenering 2022

Søknad om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

  • Søknadsfrist 1. mai 2022

Ullensvang kommune har i 2022 fått ei rammeløyving på kr. 600.000,- til SMIL-ordninga.

Skal du kunna få tilskot etter SMIL-ordninga, må du stetta visse vilkår. Slik som før gjeld ordninga for føretak som stettar krava til produksjonstilskot. Du kan sjå forskrifta og lesa regelverket mm. her. Me har òg lokal Kommunal tiltaksstrategi for SMIL-ordninga. Søknad om SMIL-tilskot skal skje elektronisk via Altinn. 

 

Tilskot frå viltfondet

  • Søknadsfrist 1. mai 2022

Det kan no søkjast om tilskot frå Ullensvang viltfond til viltrelatert arbeid i kommunen. Det er ikkje vedtekne nye retningslinjer for viltfondet. Dei gamle retningslinjene for Ullensvang, Odda og Jondal gjeld difor framleis.

 

Merk søknad med "Viltfond" og send den til:

Ullensvang kommune

Opheimsgata 31

5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

53 65 40 00

ullensvang.kommune.no

 

Tilskot til drenering

  • Søknadsfrist 1. juli 2022

Ullensvang kommune har i 2022 fått ei rammeløyving på kr. 100 000,- til ordninga drenering av jordbruksjord.

Kommunane har ansvaret for å forvalta tilskotsordninga etter «forskrift om tilskudd til drenering av jordbruksjord». Også her må du no søkja elektronisk, du kan fylgja linken her. Sjølv om det er satt ein søknadsfrist vil søknadane verta handsama etter kvart som dei kjem inn fram til denne datoen.

 

Felles for ordningane

Du er velkomen til å ta kontakt med kommunen på tlf 53 65 40 00 om du har spørsmål eller treng hjelp med søknadsprosessen. Sentralbordet vil setja deg over til rett sakshandsamar.