dagsturhytta-lofthus

Informasjon om dagsturhyttene i kommunen

Ullensvang kommune har tre dagsturhytter:

  • Teglbu i Jondal
  • Ragdebu i Odda
  • Hovdakruno på Lofthus

Her kan du lesa litt om kvar av hyttene.

Dagsturhytta Hovdakruno på Lofthus:

  • Hovdakruno ligg nydelig til på utsiktspunkt på Hovden over Lofthus.
  • Parkering er i sentrum av Lofthus, ved kyrkja eller på idrettsplassen Hordatun.
  • Ein kan gå frå to retningar, via garden Eidnes med retning/merking Nåsi/Dronningstien eller via Legena med retning Nåsi/Dronningstien.
  • Stibyte til dagsturhytta skjer ved Hovden.
  • Lengde ein veg: 5,6 km
  • Tid ein veg: 1-1,5 t
  • Høgd over havet/stigning: 476 høgdemeter
  • Vanskegrad: Middels
Fasiliteter:
  • Vedovn, toalett og straum
Grad av tilgjengelighet:
  • Kan køyra på skogsveg mesteparten av vegen med særskilt løyve, men ikkje universell tilkomst.
Dagsturhytta Ragdebu i Odda:
  • Ragdebu ligg i skogen over boligfeltet Ragde i Odda med utsyn mot by og fjord.
  • Parkering må skje i sentrum av Odda, men ein kan ta buss til buss stopp Ragdelia der stien starter i enden av snuplass.
  • Lengde ein veg:  Frå sentrum, ca 1,5 km. Frå busstopp, ca 500m
  • Tid ein veg: Frå sentrum, ca 40 min, frå busstopp, ca 15 min
  • Høgd over havet, ca 250 høgdemeter
Fasiliteter:
  • Vedovn, straum
Grad av tilgjenglighet:
  • Svært kort tur viss ein køyrer til stistart, men ikkje universell tilkomst til hytta.
Dagsturhytta Teglbu i Jondal
  • Teglbu ligg på høgdedraget Teglhaug aust for Jondal sentrum, retning Krossdalen.
  • Parkering er i sentrum av Jondal, der ein kan følge elvesti som er merka mot Teglhaug.
  • Etter ca 300 m, tek ein av på skogsti mot Leite og vidare mot toppen av Teglhaug på sti.
  • Lengde ein veg: ca 2 km
  • Tid ein veg: ca 45 min.
  • Høgde/stigning: 229 høgdemeter
Fasiliteter:
  • Vedovn, toalett, straum
Grad av tilgjengelighet:
  • Kan køyra på bilveg nær siste oppstigning, men hytta har ikkje universell tilkomst.
img-fluid portrait Hovdakruno på Lofthus
img-fluid portraitTeglbu i Jondal
img-fluid portraitRagdebu i Odda