Lege som måler blodtrykk

Informasjon frå legetenesta

Legetenesta i Ullensvang har for tida utfordringar med legedekninga. Dette medfører 2-4 veker med ventetid på legetime ved Odda legesenter, Utne,- Jondal og Lofthus legekontor (- gjeld timar som ikkje krev øyeblikkelig hjelp).

For å ikkje å gjera situasjonen meir utfordrande på desse kontora, vil vi i ein periode gjera endring i kva tid lege er tilstade ved Røldal legekontor. Det vil kun vera lege på Røldal legekontor onsdager i oddetalls veker. Hjelpepersonell vil vera tilstades kvar veke; måndag og onsdag.

Med denne endringa vil vi ha same ventetid på legetime i heile kommunen.

Vi arbeider kontinuerlig med å betre bemanningssituasjonen. Dette med tanke på redusert ventetid på legetime i kommunen og igjen normale opningstider ved Røldal legekontor.

Vi beklager ulempene det medfører og ber om forståing for situasjonen.

Trur du at tilstanden er farleg eller lett kan bli det, skal du straks ringa medisinsk nødtelefon 113.

Ring legevakt når det hastar å få hjelp eller viss fastlege ikkje er tilgjengeleg.

Legevakt i Ullensvang kommune er stasjonert på Odda sjukehus.

Døgnope.