Bosscontainere i ulike fargar. Bilte.

Info frå renovasjonstenesta om Lindenes miljøstasjon

Ombygging og utbetring av uteområdet ved Lindenes miljøstasjon er inne i ein fase der det vil påverka deg som brukar.

I veke 33 og 34

På grunn av ombygginga vil det vera redusert plass og endra køyremønster på Lindenes miljøstasjon i veke 33 og 34.

Ombygginga kan gi noko lengre ventetid enn normalt når du tek turen til oss. Eit godt tips frå oss er å sortere avfallet du skal kaste før du kjem – då vert alt så mykje enklare og effektivt 🙂

Me oppfordrar kundar til å nytte dei andre miljøstasjonane der det er mogleg.

 

Stengt miljøstasjon frå tysdag 27. august

Grunna utbetring av uteområdet vert Lindenes miljøstasjon stengt frå og med tysdag 27.08.24 til og med fredag 20.09.24.

I denne perioden og oppfordrar me kundar til å nytte dei andre miljøstasjonane der det er mogleg.

 

Opningstider for alle våre miljøstasjonar finn du på nettsida vår u-ren.no