Influensavaksinering i kommunen hausten 2024
Gjeld innbyggjarar i risikogrupper
- Alle frå fylte 65 år
- Gravide etter 12. svangerskapsveke
- Gravide i 1. trimester med anna tilleggsrisiko
- Barn og vaksne med:
- kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
- kronisk hjarte-/karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk)
- diabetes type 1 og 2
- leversvikt, nyresvikt
- kronisk nevrologisk sjukdom/skade
- nedsett immunforsvar
- svært alvorleg fedme
- anna alvorleg sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege
- personar som bur saman med immunsupprimerte, eller er tilsvarande nære
Foreldre med barn i risikogruppa som ynskjer influensavaksine, kan ta kontakt med helsestasjonen for timebestilling.
Det vert vaksinering desse dagane
Røldal: Gamle Sjukeheimen
- Måndag 4. november, kl. 10.00 – 14.00
Jondal: Vikevollen
- Onsdag 6. november, kl. 09.00 – 12.00 og 13.00 – 14.30
Kinsarvik: Fjordahallen
- Onsdag 6. november, kl. 09.00 – 12.00 og 13.00 – 14.30
- Etternamn: A – L kl. 09.00 – 12.00
- Etternamn: M – Å kl. 13.00 – 14.30
Utne: Utneheimen kjellar
- Torsdag 7. november, kl. 09.00 – 12.00 og 13.00 – 14.30
Odda: Bokkotunet kjellar
- Onsdag 13. november / Etternamn A – L, kl. 09.00 – 12.00 og 13.00 – 14.30
- Torsdag 14. november / Etternamn M – Å, kl. 09.00 – 12.00 og 13.00 – 14.30
Oppsamlingsdag for heile kommunen
Odda: Bokkotunet kjellar
- Onsdag 20. november, kl. 09.00 – 12.00 og 13.00 – 14.30
Pris for vaksinering: Kr. 200, betaling kun med Vipps og kontant.
Merk! Det er og mogleg å ta koronavaksine på vaksinedagane.