Ferje ute på fjorden i solnedgang

Ikkje ferje Kinsarvik-Utne for ein periode

Skyss melder om at ferja MF Kinsarvik som går mellom Kinsarvik – Utne skal på årleg vedlikehald i perioden 02. juni til 15. juni.

  • Siste avgang er planlagt 02. juni – kl. 16.05
  • Ferja er tilbake i drift frå morgonen 15. juni

Skyss har ikkje sett inn midlertidig ferje mellom 02. – 15. juni, men passasjerbåten MS Øyservice vil gå i sambandet i denne perioden.