Hurtigtesting

Me startar opp med å nytta hurtigtester til elevar i skule og tilsette i kommunen med samfunnskritiske funksjonar (brann og redning, renovasjon m.m.) for å oppdaga og førebygga smitte.

OBS! Sjølv om svaret på hurtigtesten er negativt, er ikkje dette ein garanti for at du ikkje er smitta, og du må framleis følgja gjeldande smittevernregler.

Kva er hurtigtesting?

Kommunen tilbyr no hurtigtesting av Covid-19 for prioriterte grupper. Dette er ein test som er enkel å gjennomføra og gir raskt svar. På berre 15 minutt frå prøven er tatt får du gjeldande testsvar.

 

Kven skal ta hurtigtest?

Me startar opp med å nytta hurtigtester til elevar i skule og tilsette i kommunen med samfunnskritiske funksjonar (brann og redning, renovasjon m.m.).

Hurtigtesting skal nyttast på dei som er symptomfri og er ikkje ei erstatning av ordinær Covid-19 test – dette er eit supplement i det førebyggande smittearbeidet. Har du symptom på Covid-19 skal du bestilla ordinær test og elles følgja dei gjeldande føringane frå FHI.

 

Kva gjer eg om testen er positiv?

Er testen positiv må du umiddelbart i isolasjon og tar kontakt med koronatelefonen på: 941 34 126 (kvardagar kl. 09:00 – 12:00).

Du kan og ta kontakt med oss på e-post: korna@ullensvang.kommune.no. Skriv at du ynskjer kontakt i samband med svar på hurtigtest og legg ved telefonnummer me kan nå deg på – anna personinformasjon ynskjer me ikkje i e-post.

Helsetenesta i kommunan har ansvar for smittesporinga i kommunen. Du vert kontakta av dei og vil bli sett opp til ein prioritert PCR-test så raskt som råd.

Medan du ventar på å verta kontakta av oss bør du skrive ei liste over kven du har hatt kontakt med dei siste 2 dager, noko som vil gjera arbeidet med smittesporing meir effektivt.

 

Hurtigtesting – slik gjer du det:

Koronatelefonen i Ullensvang kommune

Kvardagar kl. 09:00 - 12:00

941 34 126

 

Slik tester du deg – rettleiing

Hurtigtest- slik gjer du det