Formannskapet

Høyring – Revisjon av vilkår for regulering i Maurangervassdraga

NVE avgjorde den 25.04.2022 at konsesjonsvilkåra for reguleringar i Maurangervassdraga skal reviderast.

På bakgrunn av krav frå Kvinnherad og Ullensvang kommunar, og føringar frå NVE, har Statkraft Energi utarbeidd eit revisjonsdokument. Dette skildrar mellom anna reguleringane og vurderer dei ulempene ein er kjent med. Revisjonsdokumentet vert no lagt ut til offentleg høyring. NVE inviterer alle som har interesse av saka til å uttale seg. Revisjonsdokumentet og fråsegnene vil utgjera ein viktig del av grunnlaget for å fastsette reviderte vilkår.

Revisjonsdokumenta er tilgjengeleg på NVE sine nettsider. 

Revisjonsdokumenta er lagt ut for gjennomsyn på innbyggartorga.

 

Innspel

Frist for å koma med innspel er 1. juli 2023.

 

Innspel skal sendast til NVE:

  • via skjema for fråsegner, som de finn på saka si nettside
  • via e-post til uttalelse@nve.no (merk e-post med «Fråsegn» og saksnummer 202016892 i emnefeltet, og gi opp namn og organisasjonsnummer i innleiinga om du representerer ei verksemd)
  • via brev til NVE, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 OSLO