
Framtidig skule på vestsida i Ullensvang kommune
Sak om val av framtidig skule på vestsida av sørfjorden i Ullensvang kommune vert handsama i kommunestyret 9. september 2020. Saka vert undervegs handsama i Utval for kultur og leverkår, samt i Formannskapet.
KST - 142/20 Vedtak:
- Kommunestyret ynskjer ikkje splitting av skulekrins på vestsida.
- Kommunestyret vedtek at felles barne- og ungdomsskule for Hauso og Vikebygd skulekrins vert lagt til Aga.
- Det skal byggast idrettshall i tilknyting til skulen. Hallen skal søkast å byggast privat, med kommunen som leigetakar.
- Kommunestyret tek stilling til basseng på Aga i forbindelse med detaljplanlegging.
- Kommunestyret vedtek at det vert utgreidd etablering av oppvekstsenter (skule og barnehage) på Aga.
- Reguleringsplanen for Aga viser potensialet for ein god skule med gode uteområde. Den er klar for slutthandsaming. Kommunestyret vedtek at slutthandsaming vert fullført snarast.
- Elevar på Vestsida som får ekstra lang reisetid, kan etter søknad få tilbod om raskare og betre skuleskyss med taxi eller minibuss heilt til skulen.
- Ullensvang kommunestyre gir rådmannen i oppgåve å utarbeide ein plan for gjenbruk av ledig skuleareal etter 1.8.2022.
Høyringuttale
Saka har vert ute på høyring med frist for å kome med uttale 3. august 2020. Det kom inn 25 innspel til saka. Høyringssvara føl sak.
Sak som skal opp i Utval for kultur og levekår 1. september finn du her.
Reguleringsplanar
Reguleringsplan Hauso
Reguleringsplan for Hauso vart sist vedteke i Ullensvang heradsstyre i 2017:
- Ullensvang herad – reguleringsplan – Hauso PlanID 12312015001 (L)(391858)
- Føresegner Hauso revidert 28.03.2017 (L)(473019)
- Illustrasjonsplan i målestokk 1 til 500, datert 06.05.2015 (L)(481525)
- Kulturminnedokumentasjon, datert 14.09.2011 (L)(481526)
- NGI skredvurdering- rapport aug 2012 (L)(481530)
- Planskildring Hauso rev 28_03_2017 (L)(473020)
- R02-A1 -1000 29.03.2017 (L)(473018)-komprimert
- ROS-analyse datert 06.05.2016, revidert 09.10.2016 (L)(481529)
Reguleringsplan Skotamyri – Aga
Reguleringsplan for Skotamyri – Aga var sist handsama i Ullensvang heradsstyre i 2019.
Reguleringsplanen for Skotamyri – Aga er ikkje formelt vedteke. Det som gjennstår før ein kan gå vidare på Aga er eit formelt vedtak av reguleringsplanen.
- Slutthandsaming av reguleringsplan for Skotamyri (L)(496372)
- Vedlegg 1 – Plankart 20190515 (L)(497840)
- Vedlegg 2 – Føresegner 20190515 (L)(497841)
- Vedlegg 3 – Planomtale 20190119 (L)(497842) (1)
- Vedlegg 4 – ROS-analyse 20190119 (L)(497843)
- Vedlegg 5 – Vurdering av merknadar til offentleg ettersyn (L)(497844)
- Vedlegg 6 – Høyringsmerknader til offentleg ettersyn (L)(497845)
- Vedlegg 7 – Teknisk Notat Skredfare NGI 20190516 (L)(497846)
- Vedlegg 8 – Skredvurdering NGI 20180319 (L)(497789)
- Vedlegg 9 – Vegprofilar_o_SGG 20190215 (L)(497790)
- Vedlegg 10 – Vegprofilar_o_SV2 20190215 (L)(497791)
Spørsmål frå politikarar
Tidlegare saksdokument frå kommunestyremøte juni
Ta kontakt med Ullensvang kommune om du/de treng meir informasjon:
