07-Anna S. www.annas-foto.de

Hardanger musikkfest

Hardanger Musikkfest 2021 finn stad 4. – 7. november og tema er: RITAR

Hardanger Musikkfest har 25 årsjubileum! Etter eit kvart hundreår med festivalar har dei toppa programmet i jubileumsåret og gler seg til å gje deg store opplevingar. Dei feirer med både nye og gamle ritar knytt til musikk, kunst, natur, Hardanger og livet sjølv. Dei vil sjå på lokale skikkar og særtrekk samstundes som dei hentar inn ritual frå andre kantar av verda.

 

 

«Det vert intime konsertar nærare musikken og forrykande opplevingar i Fjordahallen. Me gler oss til å presentera folkedansar Torkjell Børsheim på same scene som prima ballerina Camilla Spidsøe Cohen i festivalen si storsatsing, Stravinsky sitt «Våroffer». Dette vert festivalen sitt høgdepunkt – ein orgie i ritual, dans og eksplosiv musikk som sameinar fotefar frå både himmel og helvete. Med seg på scena har dei den verdskjende og vidgjetne dansaren Navid Resvani og den unike multikunstnaren Silje Aker Johnsen, som kombinerer det fremste innan song og dans. Stravinsky sin originalversjon for 2 flygel dannar det musikalske fundamentet for denne oppsetjinga. Med 472 vibrerande strengar skapar to pianistar frå øvste hylle eit umiddelbart og eksplosivt landskap i Fjordahallen.»

Vårofferet collage