Kristiansand dyrepark

Gratis ferietilbod til barnefamiliar i kommunen

Ullensvang kommune v/verksemd for inkludering ynskjer å invitere barnefamiliar med på ferietur til Skottevik feriesenter og Kristiansand Dyrepark.

Me ynskjer at alle skal ha moglegheit til å reise på ferie, og oppleva gode minner saman som familie. Søknadar vert vurdert og prioritert etter behov.

  • Kor: Skottevik feriesenter
  • Når: 05. – 08. august 2024
  • Inkludert: Turen er gratis. Reise med buss, opphald/overnatting, billett til Kristiansand Dyrepark og alle måltid er inkludert.

Til informasjon: Foreldre har ansvar for eigne born under opphaldet, samt eigen reiseforsikring. Familiar som får innvilga søknad, vil få meir informasjon.

 

Søknadsfrist 15.april. 

 

Ynskjer de meir informasjon, ta kontakt med oss på: inkludering@ullensvang.kommune.no

Bli med då vel!

Eit samarbeid mellom Ullensvang kommune og Bufdir.