Kristiansand dyrepark

Gratis ferietilbod til barnefamiliar

Ullensvang kommune v/Verksemd for inkludering ynskjer å invitere barnefamiliar med på ferietur til Kristiansand og Dyreparken. Me ynskjer at alle skal ha moglegheit til å reise på ferie, og oppleva gode minner saman som familie. Søknadar vert vurdert og prioritert etter behov.

  • Kor: Kristiansand, Åros feriesenter
  • Når: 9.-12. august 2022

 

Informasjon

Turen er gratis. Reise med buss, opphald/overnatting, billett til dyreparken og alle måltid er inkludert.

Foreldre har ansvar for eigne born under opphaldet. Familiar som får innvilga søknad, vil få meir informasjon.

Påmeldingsfrist 6. juni.

Ynskjer de meir informasjon, ta kontakt med: inkludering@ullensvang.kommune.no