Oppvekstplan-9

Godt oppmøte på folkemøte om omstilling

Tysdag 3. september var det folkemøte om omstilling i kommunen.

Omlag 150 personar tok turen til Odda kinosal, og Hardanger Folkeblad viste møtet digitalt slik at fleire kunne få med seg bodskapet.

Håvard Moe frå KS-konsulent innleia på folkemøtet, og det kom ei rekke spørsmål og kommentarar frå salen.