Hender som bruker smarttelefon

Frivilligsentralen starter opp med digital heimehjelp

Frivilligsentralen søkjer frivillige til digital heimehjelp.

Den digitale revolusjonen gjer at dei eldre i dag treng både meir innføring i og bistand til å auke sin digitale kompetanse, og korona-pandemien har skutt fart på dette med fleire lysår.

Sjølv om frivilligsentralen har vekentlege treff og kurs med digital hjelp, er det ikkje alle som kan delta på desse grunna mobilitets- og andre utfordringar.

Gjennom å byggja opp ein base med frivillige, kurse desse og utstyre dei teknisk ynskjer vi å gje eit tilbod til eldre heimebuande i kommunen vår om Digital heimehjelp.

Prosjektet er finansiert gjennom tildelte midler frå Helsedirektoratet.

Som frivillig vil du få utdelt utstyr og få opplæring samt rettleiing undervegs.

Spørsmål?

Odda frivilligsentral

Røldalsveien 56, 5750 Odda

frivillig@ullensvang.kommune.no

975 58 505

odda.frivilligsentral.no