Logo_Hovedlogo_Positiv_NYNORSK_02

Frivilligprisen for juni 2022!

Vi gratulerer Bademeisteren i Tyssedal – Frode Seljestad Hjørnevik – med Frivilligprisen for juni!

Etter nokre månaders opphald, ga endeleg kalenderane til ordføraren og travle prismottagarar rom for utdeling av fleire Frivilligprisar i Frivilligheitsåret. Og når Odda Fotballklubb arrangerte ein flott temakveld med Marco Elsafadi i kinosalen, og vi fekk nyss i at to prismottagarar skulle vera i salen, så tenkte vi at dette var ei super anledning til snika oss inn og dela ut prisane for juni og juli med publikum i salen.

Så ville skjebnen det annleis. Frode vart sjuk, og kunne ikkje stilla. Men Rolf Rene Listheim, leiar i OFK, visste råd. Han fekk overtalt prisvinnaren sin betre halvdel til å ta i mot prisen – og ho fekk gleda over å overraske Frode i heimen.

Ordføraren vår, Roald Aga Haug, stilte ulasteleg antrukke i dress med ordførarkjede som vanleg. Han kom direkte frå Oslo i siste sekund for å dela ut Frivilligprisane. Fordi, som han seier, «dette er svært viktig». Så sant som det er sagt.

Les meir om Frivilligprisen for juni på nettsida til Odda frivilligsentral.