Logo_Hovedlogo_Positiv_NYNORSK_02

Frivilligprisen for juli 2022!

Vi gratulerer eit multitalent innan frivillig arbeid – Jarle Øvsthus – med Frivilligprisen for juli 2022!

Under eit flott arrangement i kinosalen, var tida inne for å dele ut prisen til Jarle. Og settinga var perfekt, for sjølv om han blei «tatt på senga» var Jarle omgitt av store delar av OFK familien pluss andre gjester denne kvelden.

Etter å ha tatt i mot Ordførarens grunngjeving frå eit kinosete i mørkret, vart Jarle beden om å koma opp på scenen til stor jubel frå salen. Her fekk han overrakt sjølve prisen, nydelege blomar og ein pose med både kortreist og langtvegsfarande godbitar samt nokre effektar frå Friluftshovudstaden. Prisvinnaren var tydeleg takknemleg for prisen, og nytta anleiinga til å dela prisen med alle dei gode frivillige han har vore så heldig å samarbeida med gjennom mange år.

Les grunngjeving frå jury for val av frivilligprisen på Odda frivilligsentral sine nettsider.