Frivilligprisen for april 2022!

Det var ei stor gleda å endeleg få overrekkja frivilligprisen for april, og det til ei veldig god dama: Gratulerer til Karin Vikane!

Nokre hektiske månadar har det vore for alle involverte, men endeleg vart det rom og tid for å levera ut frivilligprisen for april. Karin vart lurt til å tru at ho skulle på eit møte på det tidligare ordførarkontoret i Kinsarvik, men når ho kom inn var det Ordføraren sjølv som venta på ho. Med pris, vakre blomar og kake. Karin tok det med fatning og stoisk ro og lytta til Ordførarens opplesing av juryen si begrunning:

 

Kjære Karin!

Du betyr mykje for lokalmiljøet. Du blir omtalt som «dugnadsdronning» og eit overskotsmenneske av dei sjeldne. Du har blant anna vore aktiv styremedlem i Morellfestivalen og du er ansvarleg for utleige i Fjordahallen.

Du er ei dama med mykje god omsorg. Er det nokon som slit, er du på ballen. Er det nokon som fell utanfor, tek du tak. Vert ein alvorleg sjuk, kan det tikka inn ei varm helsing frå deg. Du hiv deg rundt dersom du ser at nokon rundt deg treng hjelp til noko. Då det var ein stor husbrann i Kinsarvik var du raskt på pletten og organiserte innsamling til brannoffera. Det same skjedde då dei ukrainske flyktningane kom til Kinsarvik. Du står i front og ordnar og organiserer.

Du har ei eigen evne til å ha «overblikket», og sjå kor hjelpa trengs. «Me får hjelpa kvarandre så godt me kan» er noko du ofte seier.

Av både desse og fleire grunnar er det ei gleda å få overrekka deg Frivilligprisen for april månad!

Vi gratulerer Karin så mykje med ein velfortent frivilligpris!

 

IMG_4653