
Frivillig bistand i samanheng med våre nye innbyggjarar frå Ukraina
Mange innbyggjarar, grupper, lag og andre aktørar ynskjer å bistå frivillig i samband med våre nye innbyggjarar frå Ukraina. Vi set stor pris på dette. Frivilligsentralane i Ullensvang vil bistå med koordinering av dette arbeidet.
Du kan melde inn om du ynskjer å bistå med frivillig innsats, tenester, arrangement eller anna her på nettsida til Frivilligsentralane i Ullensvang.
Då tek frivilligsentralen kontakt for ei nærare avklaring om kor og kva du/de ynskjer å bistå med.
Takk for at du engasjerer deg!