Kultur og levekår

Forsvaret rekvirerer øvingslende

Til grunneigarar i Aurland, Eidfjord, Kvam, Kvinnherad, Lærdal, Ullensvang, Ulvik, Vik og Voss.

Forsvarets Operative Hovudkvarter rekvirerer lende i dei nemnde kommunane til gjennomføring av «NATO Avalanche Warning Course» i perioden 12. – 23. februar 2024.

Forsvarets Vinterskole gjennomfører øving kor det deltar inntil 40 personar. Det vil verte noko motorisert ferdsel på privat veg og i terreng, med eit mindre tal lette terrengkøyretøy/ snøskuterar. Øvinga vil i hovudsak gå føre seg
i form av toppturar med mindre grupper i køyreavstand frå Mjølfjell.

Forsvaret oppmodar om at grunneigarar held bommar opne/ulåste, eller merker dei tydeleg med kontaktinformasjon, slik at Forsvaret kjem til innanfor dei rekvirerte områda.

  • Øvingsleiar og publikumskontakt er major Knut Hummelvoll, som kan kontaktast på tlf: 951 00 095, eller via e-post: khummelvoll@mil.no.
  • Melding om tap eller skade som følgje av aktiviteten kan rettast til Miljøvernoffiser HVS Rena og Terningmoen, stabssersjant Eskil V. Herfindal, tlf: 950 37 524, eller e-post: eherfindal@mil.no

Heimel for rekvisisjon av øvingslende er gitt i lov om militære rekvisisjoner (rekvisisjonsloven) med tilhøyrande forskrifter, og lov om motorferdsel i utmark og vassdrag (motorferdselloven, §4). Erstatning for tap og skade forårsaka av øvinga vert ytt i samsvar med føresegnene i rekvisisjonslova av 29. juni 1951.

Vi viser til rekvisisjonslova § 8, 7. ledd, der det står at «Myndigheter i stat og kommune, særskilt oppnevnte organer, sammenslutninger, selskaper og enkeltpersoner plikter etter anmodning på enhver måte å bistå ved forberedelse og oppfyllelse av militære rekvisisjoner». Som det går fram av § 20 i same lov, er det straffbart å setje seg i mot, eller prøve å hindre gjennomføring av militære rekvisisjonar.