Forskerfabrikken- årets Sommerlab
- Tid: Måndag – fredag kl. 09.00 – 15.00
- Stad/veke: Odda barneskole veke 33 (14. – 18. august)
- Pris: 1 295,-
Påmelding
Påmelding opnar 29. mars kl. 09.00.
Meir informasjon og påmelding finn du på nettsida til Forskerfabrikken.no.
Kva er forskerfabrikken sin Sommerlab?
Sommerlab er ein kreativ og lærerik sommar skule for dei som går ut av 4.–6. trinn før sommarferien.
Saman skal me utforska elektriske krinsar og kjemiske reaksjonar, og byggja vår eigen solcellebil. Me skal også løysa ei mystisk kriminalsak, Energimysteriet, der me mellom anna sikrar fingeravtrykk og lærer om DNA. Kursinnhaldet er det same som i 2021.
Kvart kurs blir leidd av to engasjerte kursleiarar og har plass til 26 deltakarar. Alle kursdagar inneheld eksperiment, fysisk aktivitet og morosame oppgåver.