Eldre dame som hoster i lommetørkle

Forkjøla? Her er råda:

Har du eller ditt barn nyoppståtte luftvegssymptom bør du halde deg heime!

Symptom på luftvegsinfeksjon kan byrja med vage symptom som for eksempel hovudverk og tett nase, eller meir klassiske influensaliknande symptom som feber, hoste, sår hals og nedsatt allmenntilstand. Vaksinerte kan få kun milde symptom på forkjøling ved koronainfeksjon.

Alle desse symptoma kan og vera teikn på koronainfeksjon. Ta gjerne ein test, anten heimetest eller hjå kommunen. Ungdommar og voksne bør ta ein test før dei går tilbake på skule/arbeidsplass. Er prøvesvaret negativt bør du halde deg heime til du føler deg bra og har vore feberfri i minst 24 timar. Dei fleste vil då vera heime eit par dagar. Er testen positivt må du isolere deg og det vert tilrådd å ta ein PCR-test.

 

På Folkehelseinstituttet sine nettsider kan du lese meir: