Flytting av Odda legesenter og Ergo- og fysioterapitenesta avd. Odda

Me opnar nye lokale for Odda legesenter og Ergo- og fysioterapitenesta avd. Odda i Odda helsehus måndag 14. februar kl. 12.00. Ny adresse er Røldalsvegen 41, og hovudinngang er frå parkeringsplassen ved brannstasjonen.

I samband med flytting til nye lokale vil Odda legesenter halda stengt nokre dagar, og Ergo- og fysioterapitenesta avd Odda vil ha redusert drift.

 

Odda legesenter

Stengt fylgjande dagar:

  • Onsdag 09.02.22
  • Torsdag 10.02.22
  • Fredag 11.02.22

 

Ved behov for lege desse dagane, kontakt:

  • Utne legekontor, tlf. 53 67 13 40
  • Lofthus legekontor, tlf. 53 67 13 80
  • Jondal legekontor, tlf. 53 67 53 80

Ved alvorlege/akutte hendingar ring 113.

 

Ergo- og fysioterapitenesta avdeling Odda

Redusert drift fylgjande dagar:

  • Onsdag 09.02.22
  • Torsdag 10.02.22
  • Fredag 11.02.22

Det vert ikkje polikliniske timar i våre lokaler desse dagane. 

 

Kontaktinformasjon

Både Odda legesenter og Ergo- og fysioterapitenesta vil ha same telefon nummer som tidlegare. Men ny adresse er Røldalsvegen 41, 5750 Odda.