Oppvekstplan-8

Endring av plan 12272013005 – Del av gnr. 350, bnr.13-14 m.fl. fritidsbustader, Streitet, Kysnesstrand

På vegne av forslagsstillar, Toralv Børve, vert det sendt varsel om endring av detaljreguleringsplan for del av gnr. 50 bnr. 13-18 m.fl, Streitet. Nasjonal arealplan-ID 4618_12272013005. Det vert samstundes varsla om endring av gitt løyve for frådeling av tomt B og C i samsvar med den varsla planendringa.

Utførande plankonsulent og ansvarleg søkjar er Regn Plan AS.

I Følgeskriv til nabovarsel (sjå vedlegg) finn du meir informasjon om:

  • Bakgrunn for endringa
  • Omtale av endringa
  • Vurdering etter pbl. § 12-14 andre ledd

 

Prosess og frist for merknader

Planmynda i kommunen har gjennomgått planendringa og akseptert at ho vert nabovarsla. Etter varslingsfrista vil ein gå gjennom ev. merknadar og vurdere dei før kommunen treff eit endeleg vedtak i saka.

Tema knytt til ras og kvikkleire er drøfta på tlf. med NVE 22.02.2024. Då endringa utelukkande gjeld justering av grensar og ikkje fører med seg utviding av plangrense eller formålsgrensa til byggeområdet oppfatta vi at NVE ikkje vil krevje ytterlegare vurderingar knytt til ras og kvikkleire. Det er i den vurderinga òg lagt vekt på at planen er nokså ny.

Varsel sendes til rørte grunneigarar, naboar og uttaleinstansar.

Vedlagt følger planomtale og plankart. Det vert ikkje gjort endring på føresegnene.

Frist for merknader er satt til 15.04.2024.

Merknader eller spørsmål til varselet kan rettast til Anne Lise Sæterdal på e-post: anne.lise@regnplan.no eller tlf. 922 01 874.