Hand som held mobiltelefon

«Min Skole» app

Ullensvang kommune sine skular nyttar Visma sin app for digital kommunikasjon skule-heim.

Generell informasjon om app

Appen “Min skole” skal forenkla dialogen mellom skulen og heim for føresette med barn i grunnskulen. Via appen vil føresette kunna kommunisera med skulen, og få informasjon. Data frå appen vert handsama og lagra i Norge i henhold til gjeldende GDPR-regelverk.

Du kan lasta ned app i Apple Store og Google Play. Appen krev minsteversjon 13 for iOS (Apple) og versjon 9.0 for Android

 

Om du ikkje kan nytta appen på telefonen din

To alternativ:

  1. Bruk app på nettbrett i staden – den vil fungera på same måte som på mobiltelefon.
  2. Logge seg inn på Visma Flyt Skule på ei datamaskin via ein nettlesar – her kan du lesa og skriva meldingar til skulen.

 

Viktig: Vurderingar skrive av lærarar kan ikkje lesast av føresette gjennom appen. Dei som skal lesa vurderingar på mobil eller nettbrett må gå via nettlesar og logga seg på med id-porten på Visma Flyt skule.

 

Med appen aktivert kan føresette

  • Sende melding til ein/fleire tilsette ved skule ein har barn knytt til
  • Motta melding frå tilsett/skulen, inkl varslingar feks på SFO og Digitale skjema
  • Melde og redigera fråvær
  • Sjå timeplanen til barn (ikkje alle skular er klar med denne i appen)
  • Sjå informasjon knytt til SFO-opphald og SFO Tilstedeværelse
  • Sjå beskjedar frå skulen knytt til SFO Tilstedeværelse, og registrera eigne beskjedar