Oppvekstplan-8

Endring av detaljreguleringsplan for Fritid og turisme, Vik i Herand

Tiltakshavar har eit ønske om å utvikla delar av gbnr. 311/4 til frid- og turismeføremål med utgangspunkt i gjeldande detaljreguleringsplan for eigedommen.

Bakgrunnen for søknaden er å oppdatera plangrunnlaget i tråd med dagens ønske om utbygging, og er i hovudsak eit reint arealmakebye mellom føremåla Naust (a_UN_2) og camping (a_C_1) i gjeldande plan. Dette vert omsøkt ettersom tiltakshavar ser at ein er meir tent med å plassera dette felles servicebygget tilhøyrande campingplassen på dette området ettersom det då kan nyttast i tilknyting til både småbåtanlegget og badeplassen i tillegg til campingarealet. Naustføremålet som vert flytta er tenkt plassert i same område som servicebygget var regulert, og er tiltenkt ei blanding av naust og bod som føremål. Sjå vedlagt søknadsskriv for meir informasjon kring dette.

Avlaupsanlegget til campingområdet treng vidare ein slamavskiljar, og denne bør plassert så lågt i terrenget som mogeleg slik at ein får sjølvfall på avlaupsleidningane fram til denne. Denne kjem då innanfor areal sett av som badeplass i gjeldande plan, men ikkje nytta til dette føremålet i særleg grad. Sjå punkt 2.2 i vedlagt søknadsskriv for meir informasjon kring dette.

 

Krav til konsekvensutredning

For denne planen er det ikkje krav om konsekvensutgreiing.

 

Grunngjeving

Planframlegget utløyser ikkje krav om konsekvensutgreiing, men det har vore naudsynt med utvida kunnskapsgrunnlag kring skredfare og tiltakshavar har difor henta inn ein skredfarerapport.

 

Saksgang og medvirkning

  • Frist for uttale er sett til 22.05.2024

Ved spørsmål eller ved ønske om meir informasjon kan ein kontakte: Peer E. T. Flotve på tlf: 957 95 230 eller peer@byggadmin.no

 

Vil du uttale deg?

Uttalelser kan leverast via Altinn eller sendast som e-post eller brev.

  • Plankonsulent: BYGGADMINISTRASJON HARALD BJØRNDAL AS
  • Organisasjonsnummer: 992238755
  • Telefon: 95795230
  • E-post: peer@byggadmin.no
  • Postadresse: Postboks 103, 5649 EIKELANDSOSEN

 

Vedlegg til sak