Raude epler på frukttre.  Foto: Skarv Studio

Ekstra utlysing – SMIL og tilskot til drenering

Ekstra utlysing - søknad om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Ullensvang kommune har i 2022 framleis disponible midlar til SMIL-ordninga.

Skal du kunna få tilskot etter SMIL-ordninga, må du stetta visse vilkår. Slik som før gjeld ordninga for føretak som stettar krava til produksjonstilskot. Du kan sjå forskrifta og lesa regelverket mm. på Landbruksdirektoratet sine nettsider. Me har òg lokal Kommunal tiltaksstrategi for SMIL-ordninga. Søknad om SMIL-tilskot skal skje elektronisk.

Søknadsfrist 1. oktober 2022.

Ekstra utlysing - Tilskot til drenering

Ullensvang kommune har i 2022 framleis disponible mildar til ordninga drenering av jordbruksjord.

Kommunane har ansvaret for å forvalta tilskotsordninga etter «forskrift om tilskudd til drenering av jordbruksjord». Også her må du no søkja elektronisk,du kan fylgja linken her. Sjølv om det er satt ein søknadsfrist vil søknadane verta handsama etter kvart som dei kjem inn fram til denne datoen.

Søknadsfrist 1. oktober 2022.

Felles for ordningane

Du er òg velkomen til å ta kontakt med kommunen om du har spørsmål eller treng hjelp med søknadsprosessen. Innbyggjartorget vil setja deg over til rett sakshandsamar.

Ullensvang kommune

Opheimsgata 31

5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

53 65 40 00

ullensvang.kommune.no