
Demenskor
Vi startar opp att med demenskor i Ullensvang. Vil du vera med?
Korsong er ein flott aktivitet for personar med demens som er glade i song og musikk. Dette er eit kor for deg som har demensdiagnose. Dine næraste og dine støttekontaktar er hjarteleg velkomne til å ta del saman med deg.
- Oppstart: Veke 35 – 30. august
- Tid: Onsdagar kl. 17.00 – 18.30 (anna kvar veke)
- Stad: Kafeen på Bokkotunet, Odda
- Påmelding til: Anne Karin Stormyr: 913 94 982
- Tilbodet er gratis!
Øvingar haustsemesteret
- 30. august
- 13. og 27. september
- 18. og 25. oktober
- 8. og 22. november
- 6. desember
Kaffe og enkel servering kan kjøpast i kaféen til kr. 30,- per gong. Velkomen!