Demens

Demenskor – vil du vera med?

Vi startar demenskor i Ullensvang. Vil du vera med?

Korsong er ein flott aktivitet for personar med demens som er glade i song og musikk. Dette er eit kor for deg som har demensdiagnose.

Dine næraste og fritidskontaktar er hjarteleg velkomne til å ta del saman med deg. Gjennom songen kan vi skape gode opplevingar saman.

 

  • Oppstart: Veke 13 – 29. mars
  • Tid: Onsdagar kl.17.00 – 18.30 (anna kvar veke)
  • Stad: Kafeen på Bokkotunet, Odda
  • Tilbodet er gratis!

 

Påmelding

Takk for at de i forkant melder dykk på demenskoret. Påmelding til Anne Karin Stormyr: 913 94 982.

Ha gjerne klar tittel på 1-3 av favorittsongane dykkar!

 

Plan for våren

Vi startar opp i veke 13, og har vidare samlingar i veke 15, 17, 19, 21 og 23 .

Vårens datoar er:

  • 29. mars
  • 12. april
  • 26. april
  • 10. mai
  • 24. mai
  • 7. juni

Dato for sommarkonserten og info om haustsemesteret kjem seinare!

 

Hjartleg velkomen

  • Ullensvang kulturskule
    • Eldbjørg Furholt (leiar)
    • Anne Karin Stormyr (dirigent)
    • Vidar Børve (akkompagnatør)
  • Demenskoordinatoren v/ Hannelore Schweizer
  • Fysioterapeut: Randi Opheim
  • Frivillige aktivitetsvener: Vibeke Hagen Stenhjem og Anne Britt Johannesen med fleire