Resized_20220502_151655_6965

Dagsturhytteopning

Laurdag 14. mai var det offisiell opning av dagsturhyttene på Teglhaug, Jondal og på Hovden, Lofthus.

Ordførar inviterte til opningsarrangement med talar, musikkinnslag, boller, eplesaft og kjekt samvær.

Trass usikkert ver, møtte mange opp og tok del i feiringa, både i Jondal og på Lofthus.

Ordførar heldt velkomsttale og Britt Karen Spjeld helsa frå fylkeskommunen og både lokale dugnadsfolk, arbeidsfolk og naboar var til stades.

Kultur og idrettssjef Else Marie Sandal opplyste om resultatet av avstemmingen om kva hyttene skal heita: Dagsturhytta i Jondal heiter no Teglbu og dagsturhytta på Lofthus heiter Hovdakruno.

 

Velkomne på tur til dagsturhyttene

Tilkomst til Teglbu, Jondal:

  • Parker i sentrum av Jondal, følg elvastien mot Teglhaug, det er skilta mot dagsturhytta

Tilkomst Hovdakruno, Lofthus:

  • Parker i sentrum på Lofthus eller ved Hordatun stadion.
  • Gå mot Hovden/Dronningstien via Eidnes eller via Lengenda, følg skilting.

 

Turomtale til begge dagsturhyttene kjem, men fram til dette er på plass finn du turomtale på ut.no:

Bilete frå opninga av dagstyrhytta på Lofthus. Bilete: Målfrid UtneBilete frå opninga av dagstyrhytta på Lofthus. Bilete: Målfrid Utne