Koronavirus

Covid-19: Endringar i TISK strategi

Testing

Helsedirektoratet seier det ikkje lengre er nødvendig å begrensa smitten med andre anbefalingar enn at personar som er sjuke held seg heime. Regjeringa har difor oppheva rådet om å halde seg heime i 4 døgn ved påvist Covid-19

Ullensvang kommune vil oppretthalde høve for å tinga PCR test via Helseboka ut mai månad.

Frå 1. juni vil ein kun testa på klinisk indikasjon. Det vil sei at lege rekvirerer test etter ein medisinskfagleg vurdering, på lik linje med andre infeksjonar. Du må tinga time hos fastlege, og prøven vert teken der.

 

Vaksinering

Neste vaksinedag er torsdag 9. juni.

Time kan tingast i Helseboka. Dette er siste organiserte vaksinasjonsdag i denne omgang.

Legekontora vil ha nokre vaksiner tilgjengeleg. Kontakt legekontor/-senter ved behov.

 

Koronatelefonen

Frå 1. juni vil ikkje denne telefonen vera betent. Vi henviser til fhi.no for svar på spørsmål. Kontakt fastlege ved behov.

 

Reiser til utlandet

Har du planar om å reisa til utlandet, søk informasjon i god tid før avreise om kva som gjelder for det landet du skal opphalde deg i. Informasjon om din eigen vaksine status finner du på Helsenorge.no