
Byggesak har enno redusert bemanning
Byggesak har enno redusert bemanning og lang sakshandsamingstid. Saker vert handsama etter kva dato dei er kome inn. Nokre saker kan verta prioritert før andre, då i hovudsak grunna liv og helse.
For å redusera sakshandsamingstida nyttar me no også innleigd hjelp i samband med sakshandsaming. Me vonar sakshandsamingstida vert redusert fram mot sommaren, og at det då kan vera innanfor sakshandsamingsfristane i dei aller fleste saker.
eByggjesøk
Me oppfordrer alle til å nytte eByggjesøk.
eByggesøk er ein digital rettleiar og løysing for søknadar som hjelper deg som innbyggjar å finna ut om du må søkja om løyve til kommunen med prosjektet ditt, og om du kan fylla ut og senda søknaden sjølv.