Logo_Hovedlogo_Positiv_NYNORSK_02

Bli med og nominer månadens frivillige!

2022 er Frivilligheita sitt år, og vi ynskjer å setje ekstra lys på alle dei frivillige eldsjelene vi har her i Ullensvang. Vi vil gjerne markere dette ved å dele ut månadens frivilligpris gjennom året.

Til dette treng vi di hjelp! Vi ynskjer at du skal nominere ein frivillig person, eit lag eller gruppe frå Ullensvang som du meiner fortener ei ekstra utmerking. Dette gjer du innan den 25. i kvar månad.

Vi veit at frivillige enkeltmenneske, grupper og lag står på gjennom året for å gjere andre sin kvardag betre på ulike måtar, og svært mange fortener ein slik pris. Ved hjelp av ein jury vedtatt i Utval for Kultur og Levekår 15.02.22 vil 12 av desse få utdelt ein pris gjennom 2022.

For å hjelpe juryen i sitt arbeide, er det flott om du grunngjev forslaget ditt med nokre setningar slik at dei blir betre kjend med din kandidat.

Vinnaren får ei innramma utmerking, blomar og kake frå ordføraren, og det vert dokumentert av Odda/Ullensvang Frivilligsentral. Månadens vinnar vert kunngjort på nettsidene til Ullensvang kommune og Odda/Ullensvang Frivilligsentral og på sosiale media.

 

Du kan foreslå din kandidat på to måtar

  1. Digitalt – Stem på månadens frivillige (svarfrist er den 25. kvar månad) :
  2. Sende ein SMS til Odda/Ullensvang Frivilligsentral på telefon 907 03 646 med:
    • Namn på din kandidat
    • Kvifor denne/desse bør vinne – og bruk gjerne fleire setningar for å hjelpe juryen i avgjersla si
    • Ditt namn

 

Statuttar for månadens frivilligpris i Frivilligheita sitt år 2022

(Vedtekne i Utval for Kultur og Levekår 15.02.22).

  • Ullensvang kommune deler ut ein frivilligpris for kvar månad i 2022. Prisen skal gå til enkeltpersonar eller lag/organisasjonar som har utført ein særleg frivillig innsats og eit stort engasjement til beste for medmenneske og natur i Ullensvang kommune.
  • Formålet med prisen er å markera og synleggjera frivillige og frivillig innsats, og å fremja frivillig engasjement.
  • Alle innbyggjarar i Ullensvang kommune kan koma med forslag til kandidatar. Forslaga skal vera skriftlege og grunngjeve. Det skal koma fram kven som har foreslått kandidaten eller kandidatane. Kommunen kan sjølv fremja forslag på kandidatar.
  • Forslag må sendast inn digitalt på eigne lenkjer eller på SMS kvar månad, og seinast den 25. i månaden.
  • Ein politisk oppnemnd jury vedtek kven som skal motta månadens frivilligpris. Vedtaket skal vera grunngjeve. Vedtaket er endeleg og kan ikkje påklagast.
  • Tildeling av prisen skjer innan nokre dagar etter at vedtaket er gjort for den einskilde månad. Det vert kunngjort på kommunen og frivilligsentralane sine heimesider samt i sosiale media.
  • Prisen består av ei innramma utmerking, kake og blomebukett.
  • Ordføraren står for overrekkinga, og Odda/Ullensvang Frivilligsentralar dokumenterer denne.