Hardangervidda

Ber om innspel til plan for friluftslivets ferdselsårer

Utval for samfunn, plan og næring gjorde vedtak 24.08.2021 om å legga plan for friluftslivets ferdselsårer i Ullensvang kommune ut på høyring i fire veker.

Plan for friluftslivets ferdselsårer gjev ei oversikt over viktige og relevante ferdselsårer for friluftslivet i kommunen. Planen gjev ei beskriving av situasjonen i dag, og skisserer tiltak for å ivareta og utvikla ferdselsårene i tråd med mål som er sett for planarbeidet.

Ferdselsåreplanen er eit verktøy for meir målstyrt utvikling og drift av stiar, turvegar, løyper og leier. Målet med denna høyringa er å informera om arbeidet med ferdselsåreplanen og samtidig be om innspel til endringsbehov knytt til ferdselsårene.

I arbeidet med plan for friluftslivets ferdselsårer er det førebels kartlagt 176 ferdselsårer i kommunen. Dei kartlagde ferdselsårene er delt inn i om dei er enkle, middels eller krevjande, og om det er fottur, skitur, sykkeltur eller padletur.

Det er også utarbeidd ei førebels lista over tiltak for ein del av ferdselsårene. Tiltaka er prioritert frå 1 til 3, der 1 er svært viktig, 2 er viktig og 3 er mindre viktig å gjennomføra.

 

Kommunen ynskjer innspel på:

  1. Kva for viktige stiar, turvegar, løyper og leier i kommunen kjenner de til som ikkje er på lista over kartlagde stiar? Eventuelt om det er noko feil med ferdselsårene som er registrert i prosjektet.
  2. Er desse ferdselsårene merka og skilta på ein tilfredsstillande måte?
  3. Kjenner de til om det er nokon som har teke på seg vedlikehaldsansvaret for desse ferdselsårene?
  4. Kommunen ynskjer grunneigaravtale for alle ferdselsårene som er med i planen. Dersom det allereie er inngått avtalar, kan det sendast ein kopi av den til kommunen. For dei ferdselsårene som ikkje har grunneigaravtale, ligg det ein avtale med brevet som me bed om vert skriven på og sendt tilbake til kommunen.

Frist for å senda inn innspel er 07.10.2021.

 

Innspel skal merkast ”Innspel til plan for friluftslivets ferdselsårer” og sendast til

Ullensvang kommune

Opheimsgata 31

5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

53 65 40 00

ullensvang.kommune.no

Me ynskjer gjerne GPS-filer, gode beskrivingar av startpunkt, ferdselsårer og turmål, samt konkrete innspel på behov for tilrettelegging (parkering, toalett, avfallscontainer, skilting, klopping, universell utforming). Dette kan sendast som vedlegg til innspelet.

 

Dokument i saka: