Søtefossen Kinsarvik

Ber om innspel til kartlegging og verdsetting av friluftslivsområde

Utval for samfunn, plan og næring gjorde vedtak 24.08.2021 om å legga kartlegging og verdsetting av friluftslivsområde i Ullensvang kommune ut på høyring i fire veker.

Prosjektet kartlegging og verdsetting av friluftslivsområde dannar eit grunnlag for å sikra areal ved utbygging av fritidsbustadar og bustadar. Kartlegginga er eit verkemiddel for å identifisera, ta vare på og utvikla stiar, turvegar, løyper og leier som er viktige for vår utøving av friluftsliv, ved å ta vare på og utvikla moglegheitene for å utøva friluftsliv i nærmiljøet, slik at alle har moglegheit til å vera fysisk aktive og oppleva naturen i kvardagen. Grønnstrukturen og nærturområda rundt tettstadane er viktige område for friluftslivet, og er mest brukt. I tillegg er skog- og fjellområda viktige friluftslivsområde både sommar og vinter. Mange stiar, skiløyper og turområde er allereie kjend i dag, men ikkje alle er lagt inn i kartet digitalt.

 

Kommunen ynskjer innspel på:

  1. Er avgrensingar for friluftslivsområda riktige?
  2. Om det er viktige område som er gløymt i planen?
  3. Om de meinar at nokre område har fått feil verdi eller feil områdetype?

 

Frist for å senda inn innspel er 07.10.2021.

 

Innspel skal merkast ”Innspel til kartlegging og verdsetting av friluftslivsområde” og sendast til

Ullensvang kommune

Opheimsgata 31

5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

53 65 40 00

ullensvang.kommune.no

Me ynskjer gjerne kartutsnitt og gode forklaringar av området med som vedlegg til innspelet.

 

Dokument i saka: