Baby som ligg på magen og ser på kamera

Barselgruppe med vri

Har du lyst til å vera med på ei ny barselgruppe? Målet med kurset er å ha ei god stund ilag, bli kjent med barnet ditt, med deg sjølv og skapa eit nettverk.

Oppstart: 13.03.23 (1 samling per veke – 8 gongar)
Tid: 10.30-11.45
Stad: Fysioterapitenesta på Helsehuset i Odda
Påmelding: E-post til kommunepsykolog

 

Litt meir om "Barselgruppe med vri"

Eg heiter Julia og er psykolog i Ullensvang kommune. Eg vil gjerne tilby eit oppdagingsrom til deg og barnet ditt. Slik kan vi øva oss på eit godt samspel. Barselgruppa skal og vera ein arena for utveksling av erfaringar og gjensidig støtte, kva hjelper oss eller kva hjelper ikkje i kvardagen.

Ein del av kurset vil vera øvelsar i mindfulness. Det får oss til å vera til stades, betre observera barna og eigne følelsar og behov som ligg til grunn for desse følelsane. Det dreier seg om å møta følelsar som dei er, ikkje å kontrollera eller endra på dei.

Vidare kan me snakka om sjølvtillit og sjølvkjensle, grenser i omgang med barn, og dessutan andre tema som er ynskja.

Målet med kurset er å ha ei god stund ilag, bli kjent med barna våre, med oss sjølv og skapa eit nettverk.

 

Interessert eller spørsmål? Ta kontakt med

Julia Kulla

Kommunepsykolog

julia.kulla@ullensvang.kommune.no

480 30 062